«Kommunar skal leggje til rette for openheit og innsyn»

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Davik i Bremanger.  Foto: Erling Wåge

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Aage Kvendseth frå Davik i Bremanger.

Litt om politikk og ytringsfridom

OM INNBYGGJARFORSLAGET

Eit innbyggjarforslag om nattevaktsaka låg sist haust på bordet til kommunestyret i Bremanger. Det var ikkje utan grunn at innbyggjarane på Sørsida, pårørande, organisasjonar m.fl. er sterkt engasjerte i denne saka. Dei har tydeleg sagt i frå om si uro i høve dei eldre sin situasjon. Det har dei fleste lagt merke til.

Mot åtte røyster stemte fleirtalet med ordføraren i spissen imot å ta opp denne viktige saka på nytt.

OM YTRINGSFRIDOM

Alle innbyggjarar i kommunen, og dei som har kommunen som sin arbeidsgjevar, har høve til å ytre seg offentleg mot vedtak fatta av politiske organ. Dei har høve til fritt å uttale seg på sosiale media og støtte t.d. aksjonar for ei sak på fritida si som gjeld kommunale tenester, utan å verte oppfatta som illojale.

OM ETISKE RETNINGSLINJER

Det kan vere på sin plass å sjå litt nærare på kommunen sine etiske retningslinjer. Fullstendig tekst bør vel finnast på kommunen si heimeside.

- Folkevalde og tilsette skal ikkje opptre på ein måte som kan oppfattast som krenkande.

- Tilsette og politikarar har ytringsfridom, men teieplikta gjeld også her.

- Hugs at du er ambassadør for Bremanger kommune, også på fritida.

- Folkevalde og tilsette i Bremanger kommune skal unngå å komme i situasjonar som fører til konflikt mellom personlege interesser og interessene til kommunen.

- Presiser at du ikkje ytrar deg på vegne av Bremanger kommune dersom det kan vere tvil om rolla di.

- Alle innlegg på sosiale medium er vurdert som offentlege og tilgjengelge for alle. Ver derfor varsam med kva du kommenterer og skriv.

NY GJENNOMGANG PÅ SIN PLASS?

Det er kanskje på tide med ein gjennomgang av dei etiske retningslinjene. Norsk lov vil alltid vere utgangspunktet og avgjerande for innhaldet i slike lokale retningslinjer. Alle kommunar skal elles og leggje til rette for openheit og innsyn i den kommunale forvaltninga. I dette ligg og dei tilsette sin rett til å ta del i den offentlege debatten.

Ytringsfridomen gjeld for alle. Retten til fri meiningsutveksling er heimla i Grunnlova og i internasjonale konvensjonar som er ein del av norsk lov. Difor kan tilsette i ein kommune delta i den offentlege debatten i saker som gjeld kommunen. Det er vidt høve til å ytre seg kritisk til Bremanger kommune og i saker som arbeidsgjevar oppfattar som uønska, uheldig eller ubehageleg. Ytringsfridom er elles under press i stadig fleire land.

Offentleg tilsette har og ein lojalitet overfor innbyggjarane som finansierer og bruker velferdstenestene. Offentleg tilsette har difor enda vidare spelerom for å gje uttrykk for si meining offentleg, og om eige arbeidsområde og eigen arbeidsplass.

UTTALE FRÅ HØGSTERETTSASVOKAT

På eit spørsmål i Fagbladet nr.10 2018, svarer Høgsterettsadvokat Jon Wessel-Aas:

«Kan en helsefagarbeider uttale seg offentlig og protestere imot et politisk vedtak om eldreomsorgen?

- Ja. Når du uttaler deg som enkeltperson har du samme ytringsfrihet som andre velgere og de folkevalgte i kommunestyret. Du skal imidlertid ikke bryte taushetsplikten.

Er det noe jeg kan gjøre hvis arbeidsgiver gir meg en advarsel for kritiske uttalelser jeg har kommet med?

- Ja. I offentlig sektor kan du klage til overordnet organ via den instansen som har gitt deg advarselen, og du har krav på en begrunnelse for hvorfor det er i samsvar med Grunnloven å innskrenke din ytringsfrihet. Videre kan du klage til Sivilombudsmannen og eventuelt bringe saken inn for domstolene. Ta gjerne kontakt med tillitsvald for råd og bistand.

Kan sjefen nekte meg å si noe kritisk offentlig fordi det kan skade arbeidsgivers omdømme?

- Nei. Det er helt uakseptabelt om en skole eller et sykehjem sier at all kritikk må tas internt. Det er grunnlovsstridig.»

Teieplikta, som er noko anna, skal sjølvsagt alltid overhaldast.

Det finst ingen klare grenser mellom ytringsfridom og lojalitetsplikt. Den enkelte må reflektere over dette i den konkrete situasjonen. I tillegg er det viktig å tenke gjennom om ein vert oppfatta som representant for kommunen. Om så er tilfelle, er det viktig å presisere at uttalen står for eiga rekning.

Elles kan «Etisk standard for Bergen kommune» vere eit godt døme å vise til.