«Får vi ei balansert og grundig utgreiing?»

Geir Oldeide Marie Kronen Tveranger Kinn Raudt Kinn Rødt Klokkergården Måløykollektivet Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.   Foto: Seline Larsen

Meninger

Dette lesarinnlegget er skrive av Geir Oldeide, Raudt.

Får vi ei balansert og grundig utgreiing?

Kinn kommunestyre har bestemt at konsekvensane ved ei deling av kommunen skal utgreiast. Forslaget vart fremma av Høgre og fekk i tillegg støtte frå Ap, V, KrF og Frp. Det har følgande ordlyd:

Kommunestyret ber kommunedirektøren leggje fram konsekvenser for ei deling. Det skal foreligge informasjon til innbyggjarane som seier noko om økonomi, arbeidsplassar og vekst i Kinn, kontra Flora og Vågsøy. i tråd med beskrivelsen som følger saka. Konsekvensutredninga må gjerast av eksterne aktører. Utredninga skal nyttast som grunnlag for seinare å handsame innbyggarinitiativet. Utredninga skal være ferdig innan 01.05.2022

At utgreiinga skal lagast av eksterne konsulentar og at den skal vere ferdig innan 1. mai, er udiskutabelt. Men kva er det som skal utgreiast? Det kan synest litt uklart. I første setninga står det at det er ”konsekvenser for deling” som er målet/mandatet. I andre setning står at det skal ut til innbyggarane noko om tre avgrensa område, økonomi, arbeidsplassar og vekst. Men skal vi tolke dette slik at det er berre desse tre områda som skal utgreiast? Eller rettare: Vil kommunedirektøren tolke det slik at det er desse tre områda han har fått i oppdrag å bestille ei utgreiing på?

Eller skal ein forstå dette slik at alle sider/konsekvensar ved ei deling skal utgreiast, men at det er berre på dei tre nemnde områda det skal gjevast ut informasjon til innbyggarane? Dette ville være veldig rart så eg går ut i frå at det er den første tolkinga som er rett. Og då får vi altså ei utgreiing som skal utelate svært mange viktige område i utgreiinga. Det hadde vel vore mest naturleg å lage ei slik utgreiing med utgangspunkt i det som var utgangspunktet for danninga av Kinn, kommunereforma sine mål og dei vedtekne måla i intensjonsavtala og dei ulike strategidokumenta som vart utarbeida av fellesnemnda. Altså vurdere Kinn opp mot forventningane. Dersom det ikkje vert gjort er eg redd vi kan ende med ei mangelfull utgreiing.

I tillegg veit vi jo at (delar av) næringslivet har vore sterke pådrivarar for Kinn-samanslåinga. Dersom hovudvekta av utgreiinga skal handle om arbeidsplassar og vekst er det vel fare for at utgreiinga kan bli oppfatta som ubalansert.

Eg vil ikkje på nokon måte førehandsdøme, men eg tenkjer det kan vere lurt at formannskapet på sitt første møte tek ei runde på desse spørsmåla og får avklara korleis administrasjonen har oppfatta bestillinga frå kommunestyret.