Kva er meininga med kommunereforma?

Illustrasjonsfoto 

Meninger

Dette er et innlegg skrevet av Asbjørn Geithus, pensjonert historielærer:

Regjeringa fortel at kommunane må bli langt færre og dermed større for at kvaliteten på tenester kommunane yter skal haldast oppe og betrast. Reforma skal føre til mykje godt.

Regjeringa har eit yndlingsord for kva kvalitet som skal prege det samla resultatet av alle sider av reforma; ROBUST. Når ein ber om konkretisering, for å få ein sakleg diskusjon omkring endringane som vil kome på aktuelle felt, tek regjeringa berre nye rundar med sitt utval av plussord; betre, meir effektivt, styrkt lokaldemokrati og, og, … Samla sett altså meir ROBUST. I 2007 vart 271 danske kommunar redusert til 98. Talet kommunepolitikarar vart brått redusert frå 4597 til 2520. Danskane oppsummerer; Den økonomiske gevinsten er usikker, medan ei svekking av lokaldemokratiet er tydeleg, med mellom anna nedgang i valdeltaking. Men i Noreg, med ei natur som er nokre hakk vanskelegare enn Danmark å ta seg fram i, ja her skal lokaldemokratiet blomstre berre kommunetalet vert lågt nok og kommunane store nok!

Undersøkingar i Noreg viser at innbyggjarane i små kommunar er meir fornøgde med kommunale tenester enn innbyggjarane i store kommunar. Folk er meir politisk aktive og engasjerte i små kommunar. Slike funn undergrev regjeringa sine påstandar om kva framgangar reforma skal føre til.

Kommunane bruker fleire hundre milliardar kroner på å produsere mange tenester. Private firma ser at her er det mogeleg å tene pengar, men då må dei få sleppe til. Slikt som det offentlege no produserer, som helsetenester, skule, barnehagar, boss/renovasjon og ymse anna, må leggjast ut på anbod. Så må marknaden styre. Privatisering av offentlege tenester finn vi i dei fleste land. Vi finn små selskap som driv i ein kommune. Som for andre profitable næringar ser vi at store, internasjonale selskap dominerer. Det er ikkje så interessant for store selskap å ta over barnehagedrift eller sjukeheimsdrift i små kommunar. Samanslåing til store kommunar gjer marknaden meir attraktiv for dei store, internasjonale operatørane. Hadde spørsmålet vorte stilt slik: Er du for kommunesamanslåing slik at private selskap lettare skal kunne overta drifta av helsetenester og skuledrift? Då hadde eit fleirtal i Noreg svara nei. Bakom dei positive orda om robuste kommunar som skal føre til betre tenester og betre lokaldemokrati, finn vi kjernen i saka; Høgresida vil leggje til rette for at private selskap skal kunne tene pengar på å overta oppgåver kommunane sjølve utfører. Selskap i Noreg og store internasjonale selskap vil ha større kommunar, som gjer det lettare for dei å sleppe til. Ei kommunereform må ha som mål å lage betre liv for folk i heile landet. Ikkje å leggje til rette for at noverande kommunale oppgåver lettare skal kunne leggjast ut på anbod.