Dagen i dag blei ikkje heilt som valvinnar Espen Sortevik (Ap) hadde forventa. Han gjekk i det konstituerande kommunestyremøtet i trua på at han skulle bli vald til ordførar.

I staden ble samarbeidsavtalen som var inngått med H, V og SV over ei veke tidlegare kasta til side, og eit nytt samarbeid manifesterte seg, mellom H, Sp, Sv og KrF.

Og no skuldar Høgre/SV og Ap kvarandre for å ha brote avtalen først.

- Stemmer ikkje

Sortevik meiner det ikkje på nokon måte stemmer at dei gjekk tilbake på avtalen dei hadde med SV og Høgre om vararepresentantar.

- Vi hadde eit siste møte på Knutholmen søndag der vi diskuterte avtalen og kor viktig det var at vi fekk SV på den førstevaraplassen som dei var lova. Vi kom fram til at einaste måten var å levere ei fellesliste for Ap og Høgre. Vi sette opp to Ap og to Høgre, og så SV, fortel han.

Og så kom problemet med kven som skulle stå etter SV.

- Forslaget kom nettopp frå Audun Åge Røysi Høgre om at vi då måtte kjøtvekta, altså det største partiet, gjelde. Så vi sette opp Ap først og så Høgre vidare til det ikkje var fleire Høgre-representantar igjen, og så sette vi Ap på resten til vi også var tome.

Han seier alle gjekk frå det møtet vel forlikte.

- Men så må ballen ha begynt å rullle. Og no stiller vi oss heilt uforståande til påstandar om at vi har brote avtalen ved å føreslå ein dårlegare avtale på vararepresentasjonen. Vi høyrte heller ikkje meir frå SV bortsett frå at vi ringte ho, seier Sortevik, og legg til:

- Men vi skjønte det jo i dag tidleg. Då vi kom på møtet og ingen ville sjå på oss.

- Kva har skjedd i kulissane?

- Det har jo no vist seg. Det er innlysande kva som har skjedd. Og ein må nesten spørre seg om det var planen heile tida. Vi føler oss rett og slett dolka i ryggen.

Demokratisk problem

Sjølv om Sortevik er trist og «småforbanna» som han seier, ser han også saka i eit større perspektiv. Dette er iikkje den første kommunen der dette har skjedd, at det største partiet, valvinnaren, blir sett til side.

- Veljarane har jo sagt sitt, og dei som veljarane ville ha, er sett til side. Det er sterkt beklageleg.

Ap fekk 34, 7 prosent av stemmene i Bremanger, og Sortevik sjølv toppa lista over dei med flest personstemmer.

Han seier folk reagerer på dette.

- Ja , reaksjonane er «kvifor skal vi eigentleg stemme? Vi har sagt vårt, men det blir ikkje respektert.» Det speler ingen rolle kva for parti det er som blir stengt ute. Men eg meiner det bryt med demokratiske prinsipp når valvinnaren ikkje er med i kabalen.

Går på jobb i morgon

- Korleis omstiller du deg, som skulle bli ordførar?

- Eg får vel møte på jobb i morgon. Det skal gå heilt fint, seier Sortevik, som likevel medgir at han hadde begynt å tenke på det som låg framfor han som ordførar.

- Det er måten det blei gjort på. Å tape valet er heilt greitt det. Hadde dei kome opp med denne konstellasjonen for ei veke sidan. Heilt greitt. Eller sagt frå at dei ikkje var einige. Vi har ikkje brote nokon avtale. Vi fekk aldri sjansen til det i dag, seier Sortevik, som vil krumme nakken og gå på som kommunestyremedlem.

- Det blir nok litt tyngre å stole på ein del folk. Eg kan ikkje skjule at tilliten min til enkelte personar er på eit lavmål no. Men vi skal jobbe for det beste for kommunen. Det har vi sagt. VI skal drive politikk sjølv om vi er litt deppa akkurat no, avsluttar Sortevik.