I ein time var kommunestyresalen i Bremanger heilt tom. Alle partia var på gangen og diskuterte samansetning av formannskapet under saka om val av vara til formannskapet.

Dermed var medlemmene i formannskapet i Bremanger ikkje heilt avklart i forhandlingar. To minutt inne det konstituerande kommunestyremøtet i dag bad Høgre ved Per Røys om gruppemøte, og alle parti gjekk kvar til sitt.

Spekulasjonen går i om Senterpartiet ønskjer seg ein litt meir sentral plass enn det opphavleg hadde fått.

Partia  er no tilbake og skal stemme over fem ulike lister til formannskapet.

Val av vararepresentanter er svært viktig ettersom det relativt ofte er frafall til møte frå dei ordinære representantene.