Besta sin mat gav inspirasjon til eige firma

– Det var ho som lærte meg kunsten, seier Jonny Bakke.

– Det var godt å kome heim igjen til Davik, og det var her ideen begynte å ta form. Då eg fekk mulegheita til å kjøpe meg inn i Davik fiskefarm, kjempeflotte lokale som omtrent stod klare til produksjon, gjorde eg realitet av det, seier Bakke. No vil han føre arven frå bestemora vidare, og eigne barnebarna skal dermed innlemmast i produksjonen frå dag ein. – Både Millian på fire og Matteo på åtte får eigne forkle og kjeledressar. Det er ikkje noko å lure på! seier Bakke, som hugsar timane på kjøkkenet med bestemora med stor glede.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Eg fekk vere med besta frå eg var ein neve stor. Ho lærte meg kunsten, seier Jonny Bakke (46) som no startar eige tradisjonsmatfirma på Davik.