Neste veke startar Statens vegvesen med brannsikring av Skatestraumtunnelen.

Prosjektleiar Sveinung Hovland ved Statens vegvesen er på staden, og fortel at dei er i rute med arbeidet i tunnelen.

– Vi har no hengt opp det meste av PE-skummet i samband med vatn- og frostsikring. I løpet av neste veke startar vi brannsikringa av tunnelen, seier Hovland til Fjordenes Tidende. Frå før har dei skifta ut alle dreneringsrøra på den eine sida av tunnelen, frå der brannen oppstod.Akkurat no jobbar dei med å armere PE-skummet.

– Vi heng på nettarmering før vi skal brannsikre det med sprøytebetong, seier Hovland.

Godt tempo

Ifølgje Hovland går det stort sett greitt å få gjort det ein skal mellom kolonnene i tunnelen.

– Vi må stoppe opp og flytte oss når det kjem trafikk. Men vi rehabiliterer jo tunnelar med trafikk også, så det er ikkje noko spesielt hokuspokus dette.

– Men de klarer å halde skjema trass i avbrota?

– Ja, sånn nokolunde. Det har gått fort med boring av bolt til PE-skum. Vi har jobba døgnet rundt, ein gjeng på dagtid og ein berre på natt. Så det har vi hatt full drift på, seier Hovland, som meiner dei jobbar opp mot det maksimale av det dei kan.

– Og kolonnetidene ser ut til å fungere for brukarane?

– Ja, vi køyrer dei same tidene. Det klaffar aldri for alle samtidig. Det er ikkje muleg, avsluttar Hovland.

Skal analysere vidare

No er det kjent at det var innvendig rust i hengarfestet som gjorde at hengaren med 16.500 liter bensin sleit seg i tunnelen.

Havarikommisjonen vil no gå vidare i analysen av korleis dette kan ha fått utvikla seg utan at nokon har merka det. Spørsmålet om det burde vore oppdaga skal dei no søke å få svar på i samarbeid med dei som har hatt moglegheit til å sjå på det og dei som køyrer køyretøyet.

Reparasjonane av tunnelen vil koste over 50 millionar kroner, inkludert kostnadene ved å ha hatt ferja Smørhamn-Kjelkenes i drift dei første vekene, melder NRK. Sjølve tunnelreparasjonane kjem ifølgje NPK på over 38,4 millionar kroner.