Krav om at Stårheim-Isane blir

Ålfoten grendeutval kjem med eit formelt utspel i kystvegdebatten. Dei vil helst behalde ferja, men kan diskutere ferjeavløysingsmidlar om bru vert plassert ved Otteren.   Foto: arkiv

Nyheter

Stårheim-Isane må oppretthaldast, krev Ålfoten Grendeutval.

– Ålfoten-området har sterk tilknyting til Nordfjordeid, både som handelsstad, arbeidsmarknad og vidaregåande skule, skriv grendeutvalet.

Dei vil ikkje nytte ferjeavløysingsmidlar for Stårheim-Isane til å finansiere bru i Ytre Nordfjord og viser til at bru i ytre og ferjesambandet ligg langt frå kvarandre og vil tene ulike formål.

– Davik/Ålfoten/Svelgen nyttar i dag ferjesambandet til å skape ein felles arbeidsmarknad med Eid og Sandane. Dette fell bort dersom ferja forsvinn og vert erstatta med bru i ytre. Kvifor øydelegge ein arbeidsmarknad for å kanskje opne ein annan?, spør dei.

Dei trur nedlegging av ferjesambandet kan føre til ein negativ trend for bygdene i området, og gjere området mindre attraktivt for potensielle tilflyttarar.

– Vi er ikkje motstandarar av bru i ytre Nordfjord, så lenge Isane og Stårheim vert oppretthalde. Det kan derimot vere aktuelt å bruke ferjeavløysingsmidlar til å finansiere bru mellom Otteren og Maurstad, under føresetnad av at tilførselsvegane til Otteren, både i retning Davik og Rugsund, vert oppgraderte, meiner utvalet.