Like før klokka 08.30 fredag morgon klarte dei to taubåtane Stadt Sløvåg og Stadt Årdal å dra lasteskipet Nyfjell av grunn i Skatestraumen, like aust for Risøy i Vågsøy.

Lastebåten var på veg til Nordfjordeid med singel då den grunnstøytte i dette tronge sundet natt til fredag.

Skipper på redningsskøyta Halfdan Grieg, Per Bergmann, seier til Fjordenes Tidende at planen er å slepe havaristen inn til Måløy.

Rundt klokka 08.30 så vart det jobba med å sette lenser om bord i lasteskipet for å prøve å pumpe ut vatn som kjem inn.

Det er hol i skroget.

Deler av lasta er lossa ut av båten for å gjere den lettare.

- Er det fare for at lastebåten kan gå ned?

- Det veit vi ikkje endå. Vi jobbar med å lense så godt vi kan, sa Bergmann til Fjordenes Tidende rundt klokka 08.30.

Nyfjell er bygd i 1977 og er 67.01 meter lang og 11.69 meter brei.

Følg skipstrafikken her.