Går rett til statsråden

Illustrasjon: Kystvegen 

Nyheter

Styret i Kystvegen Ålesund-Bergen er ikkje fornøgde med det dei ser som ei defensiv haldning frå fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

No sender dei brev direkte til samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen for å argumentere for Kystvegen sin riksvegstatus. Styret meiner fylkeskommunen har lagt for lite vekt på kva kriterie som skal ligge til grunn for å bli riksveg, som tilknyting til nasjonale knutepunkt, tilførselsveg til store byområde og interregionale vegar.

– Vi er skuffa over Hordaland og Sogn og Fjordane som heller stiller spørsmål ved prosessen og tidspunktet, skriv dei.

Styret tvilar ikkje på fylkeskommunens gode intensjonar.

– Men vi kan ikkje sjå at dei i løpet av rimeleg tid er i stand til å skaffe kystregionen ein tidsmessig infrastruktur i tillegg til andre fylkesvegar som også treng oppgradering og krev prioritet, argumenterer styret i Kystvegen.