Biblioteksjef i Bremanger Randi Tveit Solheim fortvilar etter at ho får 155.000 kroner mindre å rutte med neste år.

– Det blir minimalt med nye bøker og truleg må vi også stenge under ferieavvikling, seier ho.

For to og eit halvt år sidan flytta hovudbibliokeket i Bremanger inn i nye lokale midt i Svelgen sentrum.

– Både utlån og besøk har eksplodert. Det har vore så kjekt og vi har fått mange fine tilbakemeldingar. Det er blitt ein møteplass. Ikkje minst brukar innvandrarane biblioteket svært mykje. Eg meiner vi står for noko viktig når det gjeld integrering. Det trur eg ikkje folk er klar over, seier Solheim.

Les også:

Biblioteket har opning inn til kafeen ved Svelgen Hotell. Dei dagferske avisene ligg i kafeen og har ivrige brukarar. Dette tilbodet kan det også spøke for.

I ei krå står eit lite tre fullt av lappar. Barn har skrive ned kva bøker dei vil Randi skal bestille. Nokon blir truleg skuffa no.

– Barna bruker biblioteket. Dei les mykje, både jenter og gutar. Vi har også spel på iPad som er svært populære. Det er ikkje sikkert barna vil finne biblioteket så spennande om vi ikkje er oppdaterte på nye ting.

Klarer ikkje oppretthalde

Det var under budsjetthandsaminga i kommunestyret torsdag dei harde fakta vart vedteke. 155.000 kroner mindre til drift av biblioteka betyr langt færre nye bøker og kutt i innleige av vikarar.

– Ein kan jo håpe på eit mirakel, men å oppretthalde tilbodet med dette budsjettet er i alle fall uråd, seier Solheim.

I tillegg til hovudbiblioteket driv kommunen ein filial på Hauge. Her skal ein i gang med oppgradering av lokala.

- Er ikkje det eit paradoks?

– Det går jo over investeringsbudsjettet, men du kan gjerne kalle det eit paradoks.

Ho har sett si ære i å få tak i nye bøker og filmar kjapt.

– Folk følgjer med og er raske med å etterspørre nye titlar. Eg føler vi har klart å følgje opp og at folk er fornøgde.

Bibliotekbudsjettet er bunde opp i faste utgifter blant anna med fjernlånsordninga og løn til 1,95 årsverk. Difor får summen på 150.000 kroner fatale konsekvensar.

– Det blir uråd å drive slik vi har gjort og det er fryktelig trist, seier Solheim.