Metereologane melder om ei svært så ruskete julehelg.

Det er sendt ut OBS-varsel for Sogn og Fjordane:

Julaftan: Sørleg liten storm utsette stadar. Full storm på kysten nord i fylket. Minkande seint om ettermiddagen. Risiko for høg vasstand på strekninga Måløy til Kristiansund, estimert til 40-60 cm over høgda oppgitt i tidevasstabellane.

Dette er varselet til yr.no:

Julaftan:

Då blir det sørlig liten til full storm utsette stader. Litt regn av og til. Aukande nedbør utover ettermiddagen. Snø over rundt 1.000 m.

Om kvelden blir det dreiing til sørvest stiv kuling. Overgang til byger og synkande snøgrense.

Fredag 1. Juledag:

Auke til sørvest liten til full storm og opp i orkan kring Stad,

Om  ettermiddagen blir det dreiande vest. Fredag kveld blir det minking til nordvest liten kuling. Regnbyer, snøbyer over 500-700 meter. Fredag kveld blir det snøbyer i låglandet.