Fryktar at noko farleg kan skje

Kolset oppvekst: FAU ber kommunen sikre parkeringsplassen ved skulen. Arkivfoto 

Nyheter

FAU ved Kolset oppvekst fryktar farlege situasjonar, og ber Bremanger kommune sikre og ferdigstille parkeringsplassen ved oppvekstsenteret.


Ho får ikkje kjøpe inn nye bøker neste år

Å oppretthalde tilbodet med dette budsjettet er i alle fall uråd, seier biblioteksjefen.

For vel eit år sidan vart parkeringsplassen/snuplassen på nedsida av Kolset Oppvekst utvida. Dette vart gjort for å unngå farlege situasjonar ved henting og bringing av barn ved senteret. I planen låg det inne ei rundkøyring for å hindre rygging, og oppmerkte parkeringsplassar.

I eit brev til kommunen påpeikar FAU ved leiar Asle Skaar at situasjonen i dag er eit asfaltert område utan sikring, oppmerking og lys. No lovar rådmann Tom Joensen at saka vil bli følgd opp frå teknisk driftseining.

«Ein legg opp til å få på plass murkant mot fylkesvegen, belysning og oppmerking av parkeringsplassar», skriv han.