Kalvåg-Klubben:

Må bruke fleire millioner på jobben

På begge sider av Oldeidstunnelen slit vogntoga om vinteren.  Foto: privat

Nyheter

Eit forprosjekt for Kalvåg-Klubben med grovkalkyle er allereie utarbeidd av driftssjef Gunnar Yttrehus ved Teknisk drift i Bremanger kommune.


Han skisserer både tiltak og kostnadar ved utbetring av den utsette vegstrekninga. Yttrehus antydar 6,5 millionar til dei aller verste punkta, samt 0,5 millionar til rigg og leige, men presiserer at dette er eit grovt anslag.

Kalkylen blei oversend fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum, på vårparten i fjor med stadfesting på at kommune og næringsliv står ved sin del av spleiselaget.

Slik prioriterer kommunen, retning Kalvåg mot Oldeide:

  1. Hamrøybrua – Trongesundet (grovkalkyle 3,6 millionar ekskl. mva., byggetid: tre-fire månader).
  2. Pikaneset og Dalevatnet (grovkalkyle 2 millionar, byggetid: tre månader).
  3. Opp mot Oldeidstunnelen (grovkalkyle 1,4 millionar, byggetid to-tre månader).