- Harald Svoren har hatt besøk av ein oter. Vi ser både dyret og sporet så ofte at det er lite tvil, skriv Kjell Fure frå Stadlandet til Fjordenes Tidende.

Det var i slutten av januar at Harald Svoren i Halnes såg dyrespor i hagen han aldri hadde sett maken til. Derfor spurte han om ekspertar, lesarar av Fjordens Tidende eller andre kan hjelpe.

– Eg veit ikkje kva slags spor det er. Det likna ikkje hund, og det første eg sa til kona var at «no har hjorten vore her og trakka igjen.» Men då eg gjekk ned for å sjekke var det ikkje klauvdyr, seier Svoren.

Svoren seier spora mest liknar på store kattespor.

– Eg vil anslå dei til 8–9 centimer i diameter.Dei sjekka litt på nettet og det dyret som hadde poteavtrykk som likna mest på spora i hagen var gaupe.

– Der ser ut til vere fire klør som på gaupa, med potar, men det er litt vanskeleg å tru at gaupa har funne vegen heilt hit. Den måtte kome over brua, då, smiler Svoren.

Naboar har sett rev

Medan dei gjekk og spekulerte på kva det kunne vere for slags dyr, så høyrde dei frå naboen at ein stor rev hadde vore observert i området.

– Men då eg sjekka korleis revespor ser ut, syntest eg ikkje at det likna heilt, det heller, seier han.

Det som interesserer Svoren er storleiken på spora.

– Viss ein har sett vanlege kattespor i snøen, så er desse mykje større. Det ser ut som eit skikkeleg beist har vore på besøk, seier han.

Vanskeleg å vite

Rovviltansvarleg i Sogn og Fjordane Rein-Arne Golf seier det er vanskeleg å avgjere kva dyr det er basert på bildet.

Han synest ikkje det er rart at gaupe var ein av tankane.

– Klørne kan faktisk tyde på gaupe, men gaupesporet har vanlegvis meir asymmetri i poteavtrykket. Både tåputene framme og på sidene står litt ulikt langt framme, seier Golf. Det er også sjeldan at gaupa set avtrykk så nær kvarandre.

– Dei trakkar ofte spor i spor, set bakfoten i sporet der framfoten har vore, seier han.– Naboar har sett ein stor rev, kan det vere aktuelt?

– Rev kan det vere. Men revane går med klørne ute, eg trur kanskje det ville vist betre, seier Golf, som også peikar på at spor kan forandre seg i våt snø, til dømes bli større.

Oter blei diskutert

Oter var også eit av dyra Golf var innom i intervjuet med Fjordenes Tidende, utan at han følte han kunne konkludere.

- Det er akkurat som det er eit trykk mellom tåputene. Det kan tyde på oter. Dei har vel å merke fem tær, men det kan vere at det er noko som gjer at vi ikkje ser det femte avtrykket, sa Golf.

Etter å ha fått oversendt fleire bilde av spora, seier han:

– Etter ei samla vurdering er eg rimeleg sikker på at dette ikkje er gaupe. Vi ser lite asymmetri i avtrykka etter tåputene og tydeleg merke etter klør i nokre av avtrykka. Desse klørne ser ut som om dei er spissa som i ein trekant, noko som er meir typisk for hund eller rev, seier han.

Men frå Stadlandet er dei sikre i si sak sidan dei ser spora ofte: Dette er oter.