Køyrde rett i tunnelveggen

Det var i i denne tunnelen i Bremanger at einbilførar køyrde i tunnelveggen. Vedkommande slepte unna utan personskade. Arkivfoto: Svanhild Breidalen 

Nyheter

Klokka halv ett natt til laurdag melder politiet i Sogn og Fjordne om at ein personbil har køyrt i tunnelveggen i Bortnetunnelen i Bremanger.

Politiet kallar det eit trafikkuhell, og opplyser at det ikkje blei personskade.

Politiet seier også at det ikkje var rus inne i bildet.

Dei fortel ikkje kva fart bilen hadde eller kor mange personar det var i bilen.