Sogn og Fjordane Høgre gjer som Framstegspartiet og ber om at Stad skipstunnel vert prioritert ti fyrste fireårsperiode av Nasjonal Transportplan 2020-29.

Slik lyder resolusjonen til som Sogn og Fjordane Høgre vedtok på sitt årsmøte søndag:

Stad skipstunnel vil legge til rette for ein betre samla transportløysing, og føre til tryggare og meir føreseieleg sjøtransport langs eit særleg kritisk punkt ved kysten. Stad skipstunnel vil kunne bidra til miljøvennleg transport av gods og passasjerar langs kysten.

Sogn og Fjordan Høgre meiner difor at Stad skipstunnel må prioriterast i første fireårsperiode av NTP, med mål om byggjestart i 2019.