– Kaia fungerer som kai også for Davik, Ålfoten og bygdene i området, og gjer oss til eit knutepunkt, seier leiar i Kolset Krins Utviklingslag, Kjell Leirgulen.

Fredag blei den nye kaia i Leirgulen offisielt opna, og utvik-lingslagsleiaren meiner ny kai betyr nye moglegheiter.

– Kaia er viktig for heile området, ikkje berre Rugsund-Kolset–Leirgulen. Folk kjem frå Svelgen fordi her er god og gratis parkering, medan du i Florø må betale, seier han.

Kaia er også bygd for andre typer båtar enn berre Hurtigbåten og Kystvegekspressen.

– No er det også moglegheit for fraktebåtar, og ein kan ta inn sand, asfalt og sånne ting. I tillegg skal båten til Vingen gå herifrå på sommarstid.

Opninga var i regi av Bremanger Hamn, KKU og Leirgulen Handel, og folk møtte opp for å sjå snorklipping ved varaordførar Marius Strømmen, høyre taler og Smalsarhorn skulemusikk, samt ete kake.

Kort byggetid

Monica Sande, fagleiar hamn i Bremanger, fortel at prosjektet med ny betongkai i Leirgulen gjekk kjapt og smertefritt.

– Vi sette i gang jobben 24. august og kaia var ferdig 24. desember. Alt gjekk som plangt og etter budsjett, seier ho.

Kaia enda på 5,5 millionar.

– Det er inkludert landareal. Ein del er opparabeidd, men ein jobbar no med tanken om å få på plass eit vêrskur der folk som skal ta båten kan vente.

Kjell Leirgulen er glad for tanken, men meiner dei er best tent med eit venterom der ein kan sitte inne.

– Eit leskur ein må krype bak om er ikkje ei god løysing, så dette blir ein dialog vi får ta, seier han.

Vil bli fast stopp igjen

Då Norled tok over bergensruta for nokre år sidan gjorde dei Leirgulen om til blinkstopp. Ein må altså møte opp tidlegare og blinke med lyset.

– Det er tungvint, og vi ønskjer oss tilbake til fast stopp. I tillegg flytta orkanen på flytekaia slik at den kom framfor blinken, så vi må ringe også, seier Leirgulen, som også trekk fram at dei jobbar med å få speglvendtruta til å anløpe.

– Når ein kan gå på i Leirgulen er det lettare om ein kan gå av der også, ikkje berre i Smørhamn. Det kan vere vanskeleg å kome seg vidare derifrå.