– Nokre av dei finaste ungdomsåra var i Losje Havråk, minnast leiar Kjell Torvanger (85) som sjølv har vore medlem i 69 år.

No legg losjen i Bremanger ned – etter 118 år. Men arbeidet skal ikkje vere forgjeves.

– Det er ein himla god film. Den skulle berre vore litt lenger, spøkjer Torvanger om den knapt 15 minutt lange kortfilmen.

Fråhaldsrørsla oppstod tidleg på 1800-talet som eit svar på eit reelt problem.

– Det var eit stort sosialt problem. Forbruket var høgt i landet, og familiar fekk lide.

– Den første presten i Bremanger, Ulrik Koren, skreiv dagbøker om folk som kom i bryllaup og var rusa under gudstenesta og «forlèt Grotle med skrik og skrål», fortel Torvanger.

Barnelosjen

Han og dei andre kom inn som førsteklassingar i det som heitte Barnelosjen.

– Eg var med til 1946 då eg reiste vekk. Så eg fekk ikkje vere med i det første kullet som var ferdig med skulen.

For det var sånn at ein lagde fest for dei som var ferdige med skulen, og så tilbydde ein innviing i losjen i same slengen.

– Det var jo ganske lurt. 60 øre, trur eg det kosta, smiler Torvanger, og legg til:

– Nokre av dei som kom, såg vi aldri igjen. Men mange blei. Eg hadde nokre av dei finaste ungdomsåra mine her. For IOGT var jo ein ungdomsorganisasjon. Og det var ei stor rørsle. Berre i Bremanger kan Torvanger hugse at det var losje i Dalen, Kalvåg, Kjelkenes og Svelgen, i tillegg til Losje Havråk i Bremanger.

– Eg trur Kjelkenes eksisterer enno med tre medlemmer.

Mange ramla frå

Det var ikkje alltid lett å halde seg på den smale sti. Fråhaldsløftet blei teke som svært ung.

– Ein kom ung og nyfiken, og det var mange som ikkje klarte å halde seg. Det var lov å melde seg inn igjen, men det var kanskje litt tungt for folk å gjere.Men losjen var også så uendeleg mykje meir enn berre eit strengt nei til alkohol.Når ein snakkar med medlemmene i Havråk slår det ein at det sosiale var i sentrum. «Alle» var med i losjen før i tida, det var der ein trefte vener.

– Vi hadde det så morosamt at det var heilt forferdeleg å tenke på at det var 14 dagar til neste møte, fortel Aslaug Hammerset i dokumentarfilmen.

– Eg såg aldri negativt på dei som braut ut. Vi var like gode vener. Vi er alle berre menneske, og det er jo eit litt spesielt løfte å gi, seier Johan Grotle i filmen.

Slutt i 2016

På det meste var vi 100 medlemmer. No er det berre sju igjen.

– Den eldste er over 90. Eg er 85. Det er vanskeleg å finne nye. Det er sørgeleg at ungdommen vår er borte. Hadde vi vore litt flinkare dei siste 30 åra, hadde vi kanskje fått dei med oss?

– Men det verkar som dei kanskje ikkje er utsett for den same flatfylla. Eg veit ikkje, seier han, men legg til at han trur meir forbruk betyr meir misbruk.

– Eg blir så trist når eg høyrer om fulle foreldre på julaftan.

Det er ikkje lett å vere den som alltid seier nei – ikkje for Kjell Torvanger heller.

– Eg har mange gongar hatt dårleg samvit for å vere gledesdreparen. Men må ikkje nokon vere solidariske med dei som ikkje kan drikke, som er fange av alkoholen? spør han.