Nytt fylkesårsmøte støttar opp om arbeidet med Stad skipstunnel.

Fylkesårsmøtet til Senterpartiet i Sogn og Fjordane gjekk denne helga inn for støtte til bygginga av Stad skipstunnel i perioden 2018-2022.

Årsmøtet har sendt dette brevet til samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (Frp) som eit innspel til arbeidet med Nasjonal Transportplan:

Stad skipstunnel

Stad skipstunnel må realiserast i komande Nasjonal transportplan 2018-2022:

  • Stad skipstunnel er eit nasjonalt prosjekt for skipsleia som gjev store lokale, regionale og nasjonale ringverknader.

  • Stad skipstunnel er viktig for å sikre tryggleiken til dei sjøfarande.

  • Marine næringar/havbruk skal mangedoblast i åra framover og treng ferdselsvegar som er eigna utan at fartøy lyt ligge og vente på været medan last vert forringa.

Det er eit mål for alle parti i Norge i dag at vi må få overført gods frå veg til sjø, og med bygging av skipstunnelen gjer ein nettopp dette.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane ser viktigheita av å prioritere Stad skipstunnel no i samband med rullering av Nasjonal transportplan og vil vere med blant dei partia i fylket som vil synleggjere dette ved å gje tunnelen førsteprioritet på lista over prosjekt.