Mislikar nytt forslag om tannhelsetilbod

Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne vil ikkje ha lenger reiseveg. 

Nyheter

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Bremanger kommune mislikar at tannhelsetilbodet vert svekka. I sin uttale til fylkeskommunen rea- gerer dei på at det vert lenger veg til tannhelsetilbod.

Menneske med kognitiv og fysisk nedsett funksjonsevne vil krevje meir ressursar frå pårørande og tilsette i kommunale tenester, då mange må ha følgje under reise og behandling. Det kan og vere behov for spesialtransport.

«Lenger reiseveg og tid fører til auka ressursbruk i kommunal sektor», skriv rådet. Dei viser også til at denne gruppa treng tilvenning og særskilt tilnærming til tannklinikk og personell. «Ved ny klinikk, lenger reiseveg og meirbruk av tid, vil dette verte krevjande. Det vil truleg verte vanskeleg å ivareta tannhelsa til personar med kognitiv nedsett funksjonsevne», skriv dei.