Ein person lettare skadd i trafikkulukke

Ein person er sendt til sjukehus med lettare skade etter ei trafikkulukke sør av Leirgulen i Bremanger. Arkivfoto 

Nyheter

Ein person er sendt til sjukehus med lettare skade etter å ha køyrt i autovernet med ein firhjuling.

Ulukka skjedde rundt klokka 16 på fylkesveg 616 sør av Leirgulen i Bremanger i ettermiddag.

Personen som ifølge politiet er lettare skadd vart sendt til sjukehus for kontroll.

Det er ikkje mistanke om rus, opplyser politiet i Sogn og Fjordane.