Vil utbetre Hornelen som vandremål

Visit Fjordkysten AS får ein million korner i tilskot for å utbetre og utvikle Hornelen som vandremål. Arkivfoto: Erling Wåge 

Nyheter

Destinasjonsselskap får inntil ein million kroner i tilskot for å utbetre Hornelen som vandremål.

Det er Visit Fjordkysten AS i Florø som får tilskotet. Midlane skal gå til investeringar i samband med gjennomføring av utbetring og utvikling av Hornelen.


Det opplyser rådmann Tom Joensen i brev til Visit Fjordkysten.

Det er kommunestyret i Bremanger som har behandla søknaden, og tilskotet vert løyvd frå næringsfondet.