Stiller ut verka til Aase Botnmark

Ny utstilling: Kulturhuset Heimen og Reidun Øvrebotten stiller no ut skulpturane til Aase Botnmark frå Botnane. Arkivfoto: Siri Kolseth 

Nyheter

Laurdag 21. mai opnar Galleri Dorthea ved Kulturhuset Heimen i Bremanger ei utstilling med Aase Botnmark sin kunst.

Aase Botnmark var fødd i Botnane i 1927 og døydde i 2012. Ho var dotter av Mette Susanne (Sanna) Øvrebotn og Kåre Øvrebotn. Aase gifta seg i 1948 med Kåre Botnmark og saman dreiv dei Vest Foto i Florø fram til 1969. Dei flytta då til Ullensaker i Akershus.

Aase hadde si utdanning som hospitant ved Statens Handverks- og kunstindustriskole i Oslo, under til dømes Per Ung.


Skal lage gitarar av sigarboksar

Har ei lang historie i USA

Ho har hatt mange ulike utstillingar, blant anna saman med Skule Waksvik, kjent for sine naturtru dyreskulpturar.

– Det var Aase sitt uttalte ønske at Bremanger kommune kunne disponere skulpturane etter henne. Frå laurdag har vi gleden av å presentere Aase Botnmark sin kunst i Galleri Dorthea, skriv Reidun Øvrebotten ved Kulturhuset Heimen i ei pressemelding.

Opninga av den nye utstillinga er ved kultursjef Espen Frøysland.

Det blir også enkel servering og underhaldning.