Deltakarane har ei strålande helg i vente

Sola kjem til å skine på dei over 1.000 barna og ungdomane som deltek på Selje-cup. Pressefoto 

Nyheter

Over 1.000 barn og ungdomar finn denne helga vegen til Selje-cup. Både dei og andre får ei helg med mykje pent vêr.

Fredag ettermiddag er det venta sol frå skyfri himmel, og temperaturar frå 12 til 16 grader. Vinden kjem som nordleg bris, og stiv kuling på kysten.


Laurdag melder meteorologane om sol frå skyfri himmel i ytre strok. For deltakarane på Selje-cup blir det temperaturar frå 9 til 16 grader. Elles i området vårt vil temperaturane stort sett vere dei same. Vinden går ned til skiftande bris på kysten.

Søndag blir stort sett ein kopi av laurdagen. Yr melder at det for det meste blir opphaldsvêr og ein del sol.