Her blir det uvanleg låg vasstand

Grunna naudsynt kartlegging av kraftmagasin, blir det i sommar uvanleg låg vasstand i nokre av Svelgen-vatna, skriv SFE i ei pressemelding. Foto: Privat 

Nyheter

Grunna naudsynt kartlegging av kraftmagasin, blir det i sommar uvanleg låg vasstand i nokre av Svelgen-vatna.

Dei som har ferdast i fjella eller langs riksveg 614 nordaust for Svelgen, har kanskje merka at vasstanden på nokre av vatna no er lågare enn den vanlegvis er ved inngangen til juli månad. Dette gjeld dei vatna som blir nytta til kraftproduksjonen i Straumane og Svelgen 1.

Vanlegvis er vasstanden på det lågaste rett i forkant av snøsmeltinga, for deretter å gradvis auke utover sommaren og hausten.

– Denne sommaren blir det ikkje heilt slikt, og det skuldast ei planlagd nedtapping fram mot arbeid i august, seier produksjonsplanleggar i SFE, Frank Ryland.

– Vi skal søkje om fornya reguleringskonsesjon i vassdraget, og då krev NVE eit magasinkart som syner korleis magasinet ser ut i detalj under vassoverflata. I utgangspunktet skal kartlegginga skje i midten av august, om ikkje vêret forseinkar arbeidet, seier Ryland.

Det er Svelgsvatn, Sørdalsvatn, Nibbevatn og Vingevatn som no skal kartleggast, og arbeidet blir gjort ved hjelp av fly.