Bremanger Musikklag feirar 20 år i år, og på jubileumskonserten 29. oktober byr dei på høgdepunkt frå heile karrieren.

– Vi har vore eit veldig aktivt musikklag heile tida, og gjennomført fleire store prosjekt. No hadde vi lyst å lage ein reprise av alt dette, seier Jeanette Kristiansen Grotle i musikklaget.

Dei store prosjekta ho refererer til er konsertar som Abba-konserten, Elton John-konsert- en, country-prosjektet Frå Cash til Springsteen og 70-talsprosjektet Hot Stuff.

– Og så har vi jo også vore med på Cirkus Bremanger, laga songar i samband med revyar og hatt påskearrangement med filmar og musikk, seier ho.Laurdag 29. oktober får publikum sjå høgdepunkta frå heile katalogen av perler.

– Også revyinnslaga er reprise frå gamle roller, men med noko omskriving av historiene, seier Kristiansen Grotle.

Har invitert breitt

Musikklaget har invitert både tidlegare medlemmer til å bli med å spele, tidlegare vokalistar til å opptre og tidlegare dirigentar til å dirigere.

– Vi begynner å få respons. Nokre gamle medlemmar har faktisk begynt i musikklaget igjen på grunn av konserten, alle vokalistane frå dei større prosjekta har takka ja, og to tidlegare dirigentar kjem for å dirigere sine nummer, fortel Kristiansen Grotle.

Festkveld

Laurdagskvelden i Bremangerhallen blir lagt opp som ein skikkeleg festkveld. Først er det jubileumsførestilling med innlagt pause i mellom aktene, før det blir middag og dans med Spik Adel.

– Det er Havly som serverer middagen, fortel Kristiansen Grotle, og ber folk om å vere tidleg ute med å melde si interesse for middagen.

– Om Havly har kapasitet til å ta alle til middag, blir middagen der. Om fleire melder seg på, serverer vi i Bremangerhallen, seier ho.

– Ingvild er del av historia vår. Ho var konferansier i Grieghallen då vi var der med Frå Cash til Springsteen, seier Kristiansen Grotle, og fortel at Bryn ikkje nølte med å seie ja.

Billettsalet har starta, og Kristiansen Grotle fortel at ein del billettar allereie er seldt.