Det vart temperatur på folkemøtet om Via Ferrata i Hornelen då hytteeigar Johnny Sælemyr i Skatestraumen stilte ei rekkje spørsmål som vart oppfatta som kritiske.
Spørsmåla gjekk mellom anna på om aktørane hadde tenkt nøye nok gjennom rasfare, og vêrtilhøve med sjøråket som kan stå 200 meter oppover fjellet.
Mener Via Ferrata ikke er veien til topps
Sælemyr understrekar til Fjordenes Tidende at han ikkje er kritisk til prosjektet, men omtalar spørsmåla han stilte som «tryggleiksspørsmål».
Trur det kan bli bra
Då vi snakka med Mr. Hornelen etter møtet, var heller ikkje han kritisk til prosjektet.
Har steinbra besøk
Marius Strømmen frå Rugsund var ein av dei som gjekk i rette med Sælemyr og det han omtalte som «negativt lada spørsmål».
– Ein prøvar i alle fall å få til noko. Viss vi ikkje gjer det, er det snart berre hytter att i bygdene her, uttalte han og fekk kraftig applaus. Stemninga i salen med 50-100 frammøtte tyda på at dette er noko folk flest ynskjer velkomen.
Norway AdvenTURes driftar
Rogier Van Oorschot presenterte si eiga verksemd Norway AdvenTURes, FjordKysten ved Wenny Hansen og Knutholmen ved Jan Fredrik Fosse som initiativtakarar til Hornelen-prosjektet.
Meiner Hornelen er for avsides for ei Via Ferrata-løype
Han sjølv ynskjer å guide der. På møtet skisserte han ein modell der ein stiftar eit AS som investerer i Via Ferrata og eig den, og at selskapet har ein avtale med Norway AdvenTURes som står for drift, guiding og vedlikehald.
– Det vil kunne skape mange jobbar i Bremanger kommune, ikkje minst sommarjobbar for ungdomar.
Avviser at Knutholmen skal tene på Hornelen-parkering
Knutholmen-gründer Svein Inge Fosse avviser spekulasjonar om at han har sikra seg areal på Hunskår for å drive privat parkeringsverksemd for Hornelen-turistar.
Vil bruke millionar på å trekke folk hit
Han seier han følte spekulasjonane var komne til eit nivå der han måtte gå ut og korrigere. Difor reiste han til folkemøtet på Kolset Oppvekst denne veka, der mellom anna Hornelen-prosjektet var eit sentralt tema.
Ifølgje Svein Inge Fosse betalte han 350.000 kroner for arealet, pengar han seier han har forskottert til finansieringa er på plass.
– Vi har fått med mange interesserte investorar. Eg vil seie vi er komne langt.