Samspelet mellom dei profesjonelle og dei lokale amatørane hausta mange lovord etter premiera på Opera Nordfjord sin 19. produksjon, Hoffmanns Eventyr.

– Eg veit ikkje om det er andre operaer som gjer det på same måten, men det er ei oppleving ein får på Nordfjordeid. Det er veldig kjekt når solistane kjem, og den dynamikken vi skapar i lag er veldig artig, seier, Simon Standal Pavelich frå Haugen, som var ein av fleire korsongarar som hadde større «snakkeroller».

Koret beståande av om lag 20 lokale songarar framførte vakre tonar, kommentarar med glimt i auge og koreografi.

Standal Pavelich spelte rolla som Lutter, som driv ein serveringsstad der hovudkarakteren Hoffmann ofte er å finne. Kelnerane i Lutters kjellar vart spelt av Rune Heggen og Terje Heggen, begge frå Nordfjordeid.

Rune Heggen fortel at det er lærerikt å jobbe saman med operasongarane.

– Vi lærer mykje av dei profesjonelle songarane, og ikkje minst av ein veldig dyktig dirigent og regissør, fortel han.

Ei premiere på skjener

I operaen Hoffmanns Eventyr, som blir omtala som ein fantasiopera, vart ein tatt med inn i historia til kunstnaren Hoffmann.

– Det er ein litt spesiell opera, som er basert på fleire småhistorier. Hoffmann forklarar gjennom fantasien om dei tre utrulege kvinnene Olympia, Antonia og Giulietta. Det er ei historie om kjærleik og sorg, ispedd humoristiske kommentarar og vendingar. Eigentleg ein veldig merkeleg, men fantastisk opera, forklarar Standal Pavelich.

Hoffmann strevar med kunstnaren sin kamp. Han må ta valet mellom kunsten og kjærleiken. Det store spørsmålet onsdag kveld var om Hoffmann må forsake kjærleiken for å ofre seg heilt for kunsten. Om lag 450 publikummarar hadde møtt opp til premiera for å få svaret på dette. Med på kjøpet fekk publikum flotte kostyme, dans, høge tonar og vakre scenebilete. Ifølge Rune Heggen gjekk premiera slik den skulle.

– Slik som eg opplevde det, gjekk det på skjener! Eg snakka med ein del folk på premierefesten og der var det berre ros å få. Publikum sa det var fantastisk fin musikk og litt humor. Noko eg må seie var ein fin blanding på ein onsdagskveld. No er vi klar for fem førestillingar til. Det blir berre moro, smiler han.

Nye og gamle vener

Blant publikum som hadde funne vegen til operahuset fekk framsyninga mange lovord.

Margunn Ervik og Ranveig Årskog var med på å stifte Operaens Venner og dei var svært fornøgde med å sjå den 19. oppsettinga til Opera Nordfjord.

– Dette er ein heilt fantastisk opera som eg trur appellerer til folket, sa Ervik. Men det var ikkje berre dei som har vore operavener i lang tid som fann framsyninga fascinerande.

Ingeborg Årskog (12) og Tuva Nyhammer-Taklo (12) har allereie vore på mange operaframsyningar, og dei likte godt Hoffmanns Eventyr.

– Det er veldig kjekt og litt humoristisk. Dei er veldig flinke, og det er kjekt å høyre og sjå historia bli framført, sa dei to venninne etter første akt.

I løpet av dei siste åra har Ingeborg og Tuva vore på mellom fire og seks operaer, noko dei trur er litt uvanleg.

– Vi er nok dei einaste 12-åringane her i dag, men vi syns det er veldig kjekt. Dei beste operaane vi har sett er nok Tryllefløyten, Flaggermusen og Maskeballet, smilte jentene.