Rundt 1.000 små og store møtte mandag kveld opp i Operahuset for å hylle Vilde Hjelle og Anna Naustdal som vann MGP junior laurdag.

- Det er heilt fantastisk, syntes gulljentene sjølve.

Fleire opplevingar i Nordfjord vanka det som gåve, og alle fekk vere med på ein gedigen kakefest.

Anna og Vilde fekk også sjå seg sjølv på stormskjerm frå sjølve musikkonkurransen frå Oslo Spektrum.

Både ordførar Alfred Bjørlo, fylkesordførar Jenny Følling, og kultursjef Geir Holmen kom med rosande ord under feiring i operahuset.

- De har blitt superstjerner over natta. De song dokke rett inn i hjartet vårt, meinte fylkesordføraren. Til og med statsministeren har skrive melding til jentene om at ho er heilt eining med dei om Vestlandet.