Havarikommisjonen kom i dag, måndag, med sin rapport etter brannen i Skatestraumtunnelen sommaren 2015. Både Statens vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune får sterk kritikk frå kommisjonen.

Rapporten kjem etter at ein hengar med 16.500 liter bensin krasja i tunnelveggen og tok fyr i Skatestraumtunnelen i fjor sommar. 13 personar berga seg ut av tunnelen, ingen mista livet.

I rapporten blir det peika på fleire vesentlege undersøkingsresultat med betyding for tryggleiken.

Havarikommisjonen konkluderar med at fylkeskommunen si tryggleiksoppfølging av Skatestraumtunnelen ikkje har vore tilfredsstillande, og viser til at etter brannen har ikkje kapasiteten til overvassystemet i tunnelen auka og ingen konsekvensreduserande tiltak er sett i verk for liknande hendingar i framtida.

Vidare peikar rapporten på at Skatestrumen si risikoanalyse frå 2013 og frå 2016 etter brannen er mangelfulle med omsyn til vurdering av scenario og tiltak, og at det er ingen restriksjonar for transport av farleg gods i tunnelen.

– Vi skal sikre at tilrådingane frå Statens havarikommisjon blir følgt opp, seier fylkesdirektør for samferdsle i Sogn og Fjordane, Dina Lefdal.

Rustskadane, som vart avdekka ved kontroll av tanktilhengaren i 2011, var reparert i stid med produsenten sine anvisningar. Reparasjonen førte til auka risiko for korrosjonsutmatting. I tillegg har det ifølge rapporten vore mangelfulle rutinar og system- og kunnskapssvikt både hos bilverkstaden som reparerte tanktilhengaren, hos kontrollorgana som gjennomførte dei periodiske kontrollane og hos Statens vegvesen som foretok ADR-kontrollane i perioden 2011-2015.

Kommisjonen peikar også i rapporten på at trafikantane hadde eit svært lite tidsrom, om lag to minutt, på å evakuere tunnelen for ikkje å bli fanga av røyk og varme.

«I denne hendinga reagerte trafikantane riktig og raskt, men ei lita endring av omstendene kunne medført dramatiske konsekvensar.», står det i rapporten.

Ho fortel at ein del tiltak alt har blitt gjort.