Fryktar Via Ferrata-dominans

– Folkehelse er ikkje berre toppturar. Folkehelse er kvardagsturar og gode plassar å oppleve, skriv Ingun Haukedal.

Planane om ein Via Ferrata (jernveg) på fronten av Hornelen har både motstandarar og tilhengarar. Planane inneber å utvikle Hornelen til å bli eit av Norge sine fremste turmål. Arkivfoto: Sindre Blålid Kvalheim 

Nyheter

Ho har kome med innspel til planarbeidet for Via Ferrata Hornelen. Haukedal karakteriserer seg sjølv om utflytta, men sterkt knytt til heimplassen.

– Dei gamle murane etter gardsfjøsane til gardane på Hunskår er spennande å oppleve. Denne klynga er annleis enn dei andre gardsfjøsane i Skatestraumen. Mitt håp er at de kan finne midlar til å ta vare på dei og presentere det for publikum. Det er ein fin moglegheit til å fortelje ei ikkje altfor gamal historie om arbeids- og gardsdrift i dette området, meiner ho.


Haukedal ser for seg at eit reiselivsanlegg kloss i gravplassen og fjøsmurane vil kunne bli dominerande og øydelegge for verdiane desse to anlegga ber i seg.

Ho meiner at parkeringsplass, drifts- og sanitæranlegg bør bli trekt litt vekk frå området, og at det blir rydda til biloppstillingsplassar til gravferder og besøk på gravplassen.

Ho ønskjer også at anlegget ikkje blir til hinder for fri ferdsel i området, og blir forma ut i arkitektur som går inn i natur- og kulturlandskapet.