– Eg trur det har vore mitt mest lærerike år så langt i livet, seier Per-Roar Gjerde.

Han hadde vore regiondirektør i Marine Harvest sidan 2007 då han vart spurt om å leie satsinga til verdas største oppdrettsselskap i Chile. Han flytta til Sør-Amerika i januar i fjor, og kom heim til jul etter eit lærerikt og utfordrande år. Laksenæringa i Chile har nemleg opplevd store utfordringar.

Ikkje berekraftig

Med dagens oppdrettsteknologi er Chile det einaste landet i verda med kapasitet til å produsere like mykje atlantisk laks som Norge. Dette på grunn av den unike kysten av Patagonia sør i landet. Djupe fjordar, beskyttande øyar og det jamt kalde vatnet gjer at regionen har likskapar med Norge. Dei naturgjevne føresetnadene gjer området ideelt for oppdrett.

Næringa i Chile er i stor grad bygd opp av nordmenn med norsk fisk. Men Chile har ikkje hatt den same reguleringa som i Norge. Marknaden har i stor grad styrt seg sjølv, noko som har ført til overproduksjon.

– Marine Harvest nyttar seg medvite av berre 20–25 av 200 lisensar til oppdrett i Chile. Vi har teke ned produksjonen vår sidan situasjonen ikkje har vore berekraftig. Samstundes har kostnadene vore for høge. Ein del av jobben min har vore å gjere oss meir kostnadseffektive og konkurransedyktige. Men vi har ein langsiktig plan om at vi skal vere til stades i landet. Med dei mogelegheitene som finst her, ligg alt til rette for at laks kan bli landets viktigaste næring, meiner Gjerde.

Virus og algar

Ifølgje han er problema for oppdrett i Chile samansette.

– Vi har hatt ILA, ein svært alvorleg og smittsam virussjukdom. Tidlegare i år hadde vi oppblomstring av algar, noko som gjorde at fire millionar fisk døydde hos oss. Totalt mista den chilenske næringa 30 millionar fisk i denne krisen.

– Eg har mellom anna vore på møter i det chilenske parlamentet for å snakke om behovet for nye reguleringar. På reguleringssida kan myndigheitene gjere ein del når det gjeld å hindre spreiing av sjukdom og smitte. Og eg trur restrukturering av anlegga, som ligg over alt i Chile, vil bidra til ei meir berekraftig næring med stabile produksjonstal. Vekstpotensialet er stort både i Norge og Chile. Men vi er tydeleg på at våre eksisterande utfordringar knytt til miljø må løysast før veksten kan kome. Vi skal gå i front i det vi kallar «den blå revolusjonen».

Per-Roar Gjerde (t.h.) saman med områdeleiaren Ricardo i X Region i Chile.

I dag er Marine Harvest involvert i ei rekkje utviklingsprosjekt som mellom anna inneber produksjon i lukka merdar, senkbare merdar i røffe omgjevnader og oppdrett av laks på tankskip. Verksemda satsar allereie på produksjon av større smolt på land.

– Det blir spanande å følgje utviklinga, men det er nok slik at hovudforma for produksjon i overskodeleg framtid framleis vil vere opne merdar i sjøen.

Per-Roar Gjerde vart i oktober utnemnt til COO Farming for Norge og Chile og skal sitte i konsernleiinga til Marine Harvest.

Flytta åleine til Chile

Familien er spreidd over fleire verdsdelar.

– Yngstemann Emil går første året på vidaregåande skule på Gran Canaria. Henrik, midterstemann, bur på hytta på Fiskå og jobbar i nærleiken. Den eldste, Malin, bur i Drammen med kjærast og to born. Det blir ikkje så mykje familieliv med alle spreidd rundt i verda, og eg har litt å ta att når det gjeld pass av barnebarn, seier Gjerde og fortset:

– Ved hjelp av telefon, Snapchat, Facebook og Instagram får eg likevel med meg det meste som skjer. Eg og kona skypa nesten kvar dag, slik at vi fekk oppdatert oss på kva som skjedde i Chile, Spania, Fiskå og Drammen. Ho tek hovudansvaret på heimebane, og pendlar mellom dei tre borna våre.

Puerto Varas er byen Per-Roar budde i. Utsikta er over innsjøen byen ligg ved og mot to vulkanar. Den til venstre heiter Osorno. Den til høgre, Calbuco, hadde utbrot for halvanna år sidan.

Dei har selt huset i Måløy, så adressa til kona, og Per-Roar når han er heime, er Fiskå. Han budde i ei leilegheit i Puerto Varas (40.000 innbyggjarar). Gjerde fortel om flott natur i området med snøkledde vulkanfjell, store innsjøar, elvar og øyar. Kontoret ligg ein halvtime kjøring unna.

– Tidlegare har eg ikkje hatt lange utanlandsopphald i jobben, så det var eit ganske stort steg å flytte til andre sida av jordkloda. Frå leilegheita mi i Chile til hytta på Fiskå tok det 30 timar – ei rimeleg heftig reise!