Vann nesten 7,4 millionar i Lotto

Ei kvinne frå Måløy vann laurdagkveld nesten 7,4 millionar i Lotto.   Foto: Pernille Storholm Skaret

Nyheter

Ei kvinne frå Måløy blei heile 7.395.650 kroner rikare, då ho vann i Lotto laurdagkveld.

Måløyværingen trudde ikkje sine eigne øyrer då Norsk Tipping kontakta ho like etter sending.

Norsk Tipping skriv på sine nettsider at kvinna nettopp hadde sett på Lotto-trekninga, men at ho enda ikkje hadde sjekka sine eigne tal.

- Du tullar no?! Oi shit, var det første ho fekk fram i telefonen, før ho fortalte at ho under trekninga hadde tenkt:  "Fy flate, tenk å vinne i Lotto! Så heldige dei er."

- Og så ringer du. Nei, no har eg hjarteklapp. Det her var i alle fal ein veldig god start på det nye året. Eg er heilt skjelven, eg. No må eg sette meg ned, sa ho til Norsk Tipping som også skriv at den feske Lotto-millionæren ikkje er sikker på kva pengane skal gå til enda.