Då møtet med nærmare 200 frammøtte var slutt, strøymde folk til den framlagde underskriftslista og sette signaturen sin under oppropet om å sende søknad til Fylkesmannen om grensejustering.

Selje og Eid har ikkje felles grense, med Bryggja så vil ein få ein samanhengande kommune.

Skulespørsmålet var sentralt då nesten halve bygda med 548 innbyggjarar var samla i grendehuset søndag kveld. Det har vekt forbanning på Bryggja at kommunestyret i Vågsøy vedtok ein økonomiplan som inneber nedlegging av skulen.

Eit par hundre av innbyggjarane møtte opp på bygdemøtet.

Eit anna argument som var mykje brukt var «Vi kjem midt i ein ny kommune saman med Selje og Eid. Blir vi ein del av ein kystkommune, blir vi utkant».

Viviann Midtbø uttrykte motstand mot lausriving.

– Eg er bryggjaværing og eg er vågsøyværing. Eg også er forbanna på at dei vil legge ned skulen, men har vi nokon garanti for at ikkje det same vil skje om vi blir ein del av ein kommune med Eid og Selje? Det første Alfred Bjørlo gjorde då han vart ordførar, var å legge ned skulen i Kjølsdalen. Den nærmaste skulen vi kan måtte sende ungane våre til, er Stårheim, sa Midtbø, som sat åtte år i Vågsøy kommunestyre for SV fram til sist val.

– Eg trur det blir fleirtal for å gå vidare med spørsmålet om grensejustering. Då bør heile kommunen vere med. Det er naturleg at heile Vågsøy står samla. Men det kan bli eit problem at vi kjem så seint med at vi får lite å seie, meiner Midtbø.

– For meg kunne vi godt samla heile Nordfjord, seier ho.

Eit arbeidsutval med Øystein Hessevik, Iselin Endal, Silje Svoren, Sverre Solibakke og Solveig Midtbø er peika ut til å gå vidare med saka.

– Eg føler meg trygg på at eit overveldande fleirtal av innbyggjarane på Bryggja skriv under. Det har vore stor respons, folk har kontakta meg for å skrive seg på, seier Solibakke, og legg til:

– Neste steg er at kommunen skipar til ei spørjeundersøking på Bryggja for å kartlegge stemninga.

Innbyggarar og næringslivet i ein kommune har rett til å foreslå grensejustering.

Søknaden frå innbyggjarane på Bryggja skal først til fylkesmannen og så vidare til kommunaldepartementet.

Hogne Bleie (Frp) seier han på neste formannskapsmøte vil foreslå at Vågsøy set seg til forhandlingsbordet saman med Selje og Eid.

Hogne Bleie (Frp) var ein av fleire sentrale politikarar i Vågsøy som var til stades på møtet. Han tek til orde for at Vågsøy set seg til forhandlingsbordet med Eid og Selje. Sverre Solibakke til venstre.

– Lausriv Bryggja seg frå Vågsøy, blir vi ein mindre kommune. Det trur eg ikkje Stortinget vil gå med på. Målet med kommunereforma er større kommunar. Då blir det nok tvang, spår han.

På spørsmål frå Fjordenes Tidende etter folkemøtet om han meiner Bryggja-initiativet kan vere starten på slutten for Vågsøy kommune, svarar han:

– Ja, det trur eg faktisk det kan bli. Brotet på budsjettavtalen skapte ei stemning som førte til dette møtet, svarar Bleie, og legg til:

– Frp i Vågsøy har ivra for ein kystkommune, men no kjem eg til å foreslå på neste formannskapsmøte at forhandlingsutvalet i Vågsøy set seg saman med Selje og Eid.

Det er laga ei underskriftsliste der innbyggjarane kan signere på oppropet om å sende søknad til Fylkesmannen om grensejustering.

Bleie seier han ikkje kjem til å skrive under på lista som er lagt ut.

– Nei, det blir feil, vi må eventuelt gå samla inn i ein ny kommune.