Står føre som eit godt eksempel

Hilde Langtangen, som er dagleg leiar for Sødermann Rådgivning på Nordfjordeid, trur ikkje menn stoppar damer. – Viss damene er dyktige nok, så ser menn det, seier ho.

Leiar: Hilde Langtangen er dagleg leiar for 15 tilsette hos Sødermann rådgiving på Nordfjordeid. Ho meiner det er viktig at alle får moglegheita til å ta så mykje ansvar som dei sjølv måtte ønske. – Vi har kome langt i Norge med tanke på likstilling, men det er framleis mykje som står att, slår Langtangen fast. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Eg har alltid fått eller tatt dei moglegheitene som har lege framføre meg. Typisk for mange ting eg har gjort opp gjennom er at eg ikkje har ant omfanget av det eg har hoppa ut i, smiler Langtangen.