Dette melder avisa Synste Møre.

Bygdeutviklingslaget på Åheim skal i løpet av april arrangere eit folkemøte for å høyre kva innbyggjarane meiner om ei eventuell grensejustering.

– Det kom opp på årsmøtet til bygdeutviklingslaget at dette var noko vi skulle jobbe med. Om det grunnar i misnøye eller trua på noko betre, det veit eg ikkje. Men det har vore kontakt med Bryggja for å høyre om deira prosess så langt, og vi har hatt eit arbeidsmøte der vi fann ut at det var mest rettferdig å ha eit folkemøte slik at meiningane kan kome fram, seier Lars Tore Bakkebø, som sit i styret til Åheim bygdeutvikling, til fjt.no.

Bakkebø peikar på skule, sjukehus og samferdsle som viktige faktorar i debatten.

– Sjukehuset på Nordfjordeid er det nærmaste, og det er mange som nyttar seg av dette i dag. Dei som har ungar som skal gå på vidaregåande hadde kanskje hatt mest lyst til å sende dei til Vågsøy eller Eid, men kan ikkje det i dag, forklarar han.

Ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), bur sjølv på Åheim og har vore klar på at ho meiner at Vanylven burde gå sørover i debatten om kommunereform.

– Eg kjem til å bli påverka om det går slik eller slik. Eg har stemt sørover i sakene om kommunereform, men har blitt nedstemt. Dette har eg halde meg til, og eg er inneforstått med at fleirtalet vil gå nordover, seier ordføraren.

Sjølv veit ho førebels lite om det planlagde folkemøtet.

– Det er litt vanskeleg å vite kva eg skal tenke om dette. Dei som skal arrangere folkemøte har ikkje teke kontakt, seier Landsverk Sande, og legg til:

– Det som er fint er at folk engasjerer seg og har lyst til å vere med og bestemme kva som skal skje med min heimplass. Eg vil vere på folkemøtet for å finne ut kva folk lurer på, for det er viktig for oss å vite.