– Eg kjende meg sett og verdsett. Det var heilt utruleg at eg skulle få lov til å gjere noko slikt for kronprinsparet, smiler Inakanyana, som meiner nettopp det å bli sett har stor betydning for integrering og likestilling blant innvandrar.

Les meir om prosjektet «Likestilt» her.

– I heimlandet mitt, Burundi, er likestillinga i gang, men ein har enda ein lang veg å gå. Mora mi skulle vere heime, lage mat, ta seg av barna og gjere husarbeid. Vi er oppdratt slik at det er mannen som har det siste ordet, forklarar Inakanyana, og fortset:

Flykta frå heimlandet

Inakanyana måtte raskt ta over styringa i familien. I 2005 flykta ho frå heimlandet med dei to yngste barna sine, Clara og Pascal. I magen hadde ho framleis yngstemann Edmond.

– Eg måtte flykte. Det var veldig urolege tider, fortel Inakanyana.

Burundi har i likskap med nabolandet Rwanda opplevd mykje uro mellom dei to største folkegruppene, hutu og tutsi, med borgarkrig og massakrar.

– Det var det tøffaste eg har opplevd. Hjartet mitt var ikkje heilt. Vi snakka saman kvar dag, og i bakgrunnen kunne eg høyre bombing, fortel Inakanyana.

Ho hadde høyrt at det kunne gå raskare å få familiegjenforeining om ho hadde jobb. Inakanyana arbeidde hardt for å lære seg språk. Ho tok norskkurs ved vaksenopplæringa, hadde praksisplass på biblioteket på Nordfjordeid og fekk seg ein vaskejobb på ein butikk i sentrum.

– Det passa meg godt å ha språkpraksis på biblioteket. Tidlegare var eg sekretær i heimlandet og jobbane minna om kvarandre. Samstundes fekk eg snakke med folk. Eg har blitt tatt mot på ein heilt fantastisk måte. Folk har sett meg og hjelpt meg.

Lærer språk av barna

Seinare fekk Inakanyana tilbod om å vere vikar i ein barnehage. Denne jobben har ho framleis i dag.

I 2008 søkte Inakanyana om familiegjenforeining. Det vart avslag. Ho heldt fram med å jobbe og ta kurs for å tene pengar og samtidig lære meir. Eitt år seinare, i 2009, kom beskjeden om at resten av familien skulle få kome til Norge. På dette tidspunktet hadde ikkje Inakanyana sett ektemannen og dei tre barna, som vart att i Burundi, på fem år.

– Eg vart så glad. Eg visste nesten ikkje kvar eg skulle gjere av meg.

– Eg håpar at barna mine får ein jobb og ei god framtid i Norge.