Dagleg leiar Magni Hjertnes Flyum kunne for første gong på fleire år presentere oppgang i talet på fjordhestføll til statsråd Jon Georg Dale som besøkte Norsk fjordhestsenter onsdag.

– Eg er imponert over det eg har sett her i dag, og når ein høyre at også talet på føll no går opp, så viser det jo at det blir jobba godt, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til Fjordenes Tidende.

Etter ein nedgang i talet på fjordhestføll kvart år sidan 2009 då talet på føll var 231, kunne Magni Hjertnes Flyum endeleg vise til at pila peikar rette vegen. I fjor vart det fødd 129 fjordhestføll, mot 83 året før.

– Det er rett og slett auka bevisstgjering, systematisk arbeid i fjordhestmiljøet der dei har vore kjempeflinke til å lære av kvarandre, formidle til kvarandre, gå på kurs og lære seg kva som er viktig for å lage flotte fjordhestføll, seier ho.

Ringverknader

På turen til Norsk fjordhestsenter onsdag fekk statsråden eit innblikk i «fjordhesten si vogge», og arbeidet som blir gjort ved det nasjonale kompetansesenteret for fjordhest. Mellom anna fekk han eit innblikk i terapiriding, og arbeidet med avl av fjordhesten.

For senteret er det viktig med kontinuitet i overføringane frå Landbruksdepartementet, som i fjor var på 2,3 mill. kroner.

– Om dei blir redusert, som dei vart to gongar, så er det vanskeleg å halde oppe eit godt nivå, seier styreleiar Kjell Magne Åshamar, som påpeikte dette ovanfor statsråden.

– Hestenæringa ramlar ofte mellom to stolar, for det er litt fritid, litt hobby og litt næring. Det er litt landbruk, og litt ikkje landbruk. Av dei 200 hestane i Eid, så er det berre halvparten som er knytt til gard med produksjonsstøtte, seier Magni Hjertnes Flyum.

Ho fortalde statsråden om ringverknadene fjordhesten har berre i Eid.

– Vi har meir enn 200 hestar vi kjenner til i Eid. For kvar tiande hest er det eitt årsverk. Så vi har over tjue årsverk knytt direkte til hest i Eid, og Eid tek si rolle som morkommune for fjordhesten på alvor.

Tek med signala

Hjertnes Flyum trur på kontinuitet i overføringane.

– Ja, det trur eg. Det er noko med det å faktisk ha vore her og skjønne kva det er vi driv med her, seier ho, som var glad for besøket.

– Det er utruleg kjekt at dei tek seg tid innimellom og faktisk komme hit og sjå på det arbeidet vi gjer. Og når vi kan kome med gode nyhende i tillegg, så blir vi ekstra glade.

Statsråden på si side tek med seg signala.

– No har vi tatt dei signala vi har fått her i dag. Vi har gjennom budsjettavtalane med KrF og Venstre på Stortinget styrka hestesentera. Det er primært Venstre som har vore drivaren i det. Men vi har samarbeida godt i desse fira åra, og eg håpar vi får til dette dei neste fire åra også, seier Dale til Fjordenes Tidende.

Fakta

Norsk Fjordhestsenter er det nasjonale kompetansesenteret for fjordhest, med sekretariat for Norges fjordhestlag og Fokus Unghest.

Fekk i 2016 2,3 millionar kroner til bevaring av fjordhesten over statsbudsjettet, ein auke frå 750.000 kroner i 2014.

Har ein auke i fjordhestføll etter mange år med nedgang.