Silje Christine og familien kokar godt i lag

Silje Christine Indrebø Nygård (33) og ektemannen let ikkje tradisjonelle kjønnsroller styre kvardagen på garden i Veitastrond.
Nyheter

– Vi er godt likestilt. Det er han som lagar middag, og eg vaskar opp. Eg klipp graset, som eigentleg er ein mannejobb. Eg er ikkje så mykje i fjøsen. Det er eigentleg ein kvinnejobb å mjølke geitene, men det er han som gjer. Vi er ikkje opptekne av det, vi gjer som det fell oss inn og passar oss, seier Silje Christine frå Raudeberg.