Såg eit skrikande behov for jenter i litteratur

Forfattar Maria Parr sin karakter Tonje Glimmerdal var i utgangspunktet ein gut, men så oppdaga forfattaren at det var eit skrikande behov for sterke jenter i barnelitteraturen.

Forfattaren Maria Parr frå Fiskå i Vanylven har hatt stor suksess med sine to første bøker, Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal. Til hausten kjem hennar tredje bok ut i Norge og hennar andre bok ut på engelsk. – Det er veldig viktig for meg at ungar får vere ungar. Eg har lyst til å skrive for begge kjønn, seier Parr. Her frå oppsettinga av Tonje Glimmerdal på Det Norske Teateret i 2013. Foto: Odd Inge Rand  Foto: Odd Inge Rand

Nyheter

– Eg byrja å skrive boka om Tonje Glimmerdal medan eg skreiv masteroppgåve om barnelitteratur i 2009. I samband med studiane las eg ein artikkel av litteraturvitaren Nina Méd. Ho hadde undersøkt 100 norske barnebøker som var skrivne etter 2000 på jakt etter heltinner. Ho hadde rett nok ganske strenge krav, men ho fann nærast ingen, fortel forfattaren frå Fiskå i Vanylven, og fortset: