«Likestilt»:

Festivalsjefen ønskjer seg fleire damer på scena

89 mannlege og 10 kvinnelege artistar og musikarar er fasiten etter at Malakoff Rockfestival har lagt fram sitt program. Festivalsjefen seier det er vanskeleg å finne damene i rocken.

Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal meiner det er vanskeleg å finne kvinnene i den sjangeren dei opererer i, men at når dei lukkast blir det ofte dei beste konsertane. Han trekk fram konserten med Gabrielle under festivalen i 2016 som eit godt eksempel på dette. Foto: Ingebjørg N. Stokkenes 

Nyheter

– Det er heilt klart ei stor overvekt av menn i den sjangeren som Malakoff Rockfestival opererer i. Eg syns det er synd at det ikkje er fleire kvinner. Spørsmålet til oss som bookar er om vi har eit spesielt ansvar for å løfte fram jentene. Vi leitar etter desse damene og ønskjer å ha dei med på festivalen, men det å sørge for at kvinnedelen er stor nok er vanskeleg, det innrømmer eg, seier festivalsjef for Malakoff Rockfestival Arnt-Ivar Naustdal.