– Mengda av mat som blir kasta i landet vårt er skremmande. Statistikkar viser at det kvart år blir kasta 355.000 tonn brukbar mat i Norge. Det tilsvarar 67 kg per innbyggjar, heiter det i ei pressemelding frå Kristen Hundeide, som er kyrkjeverje i Eid, og Jon Ytrehorn

Dei er oppnemnde av prosten i Nordfjord som såkalla «Grøne prostikontakter». Oppgåva går ut på å styrke kyrkja sitt arbeid når det gjeld vern av skaparverket.

– Det er gledeleg at stadig fleire butikkar og kjeder inviterer kundar til å medverke til at omfanget av mat som blir kasta blir merkbart mindre. Trenden er i ferd med å snu, skriv Hundeide og Ytrehorn.

Eitt av tiltaka som har vekt interesse er å opne for at bønder/dyrehaldarar kan inngå avtale med sin lokale matbutikk om gratis å kunne hente mat som er i ferd med å gå ut på dato eller ikkje lenger er salsvare og nytte dette til dyrefor. I første omgang gjeld det brød og bakevarer, grønsaker og frukt.

Mattilsynet har ifølge Hundeide og Ytrehorn stadfesta at det ikkje lenger er noko til hinder i regelverket når det gjeld desse varegruppene.