Ser marknad for festplanlegging

Med slagord om å være gjest på sin eigen fest har Monica Egeberg starta eitt av få eventfirma i regionen. No har ho tilsett fleire og blir meir synleg i nye lokale i Gate 1 i Måløy.

Mica Event flyttar snart i eigne lokale i Måløy. Selskapet driv med kreativ festplanlegging og kan arrangere alt frå bryllaup til bursdagar og julebord. Her er økonomiansvarleg Malene Lunde Sætren (f.v.), dagleg leiar Monica Egeberg og Ingvild Kupen Sætren som mellom anna vil jobbe med dekorering. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Nyheter

– Vi tilbyr eigentleg absolutt alt ein treng til eit arrangement. I staden for at du skal forholde deg til ti forskjellige leverandørar, så kan du forholde deg til oss, og vi held kontakta med leverandørane. Vi prøver å bruke lokale både på mat og blomster, og lokale butikkar. Vi vil vere ein totalleverandør innan event, seier dagleg leiar Monica Egeberg.