I dag kjempar foreininga blant anna for kvinnehelse, og mot skjønnheitstyranniet og vald mot kvinner.

– Foreininga har som hovudmål å bidra til eit trygt og inkluderande samfunn ved å aktivisere medlemmane til frivillig innsats innanfor helse- og sosialområdet, med spesielt fokus på kvinnehelse. Sanitetskvinnene jobbar med kvinner i alle livsfasar, frå vogge til grav, fortel Reidun Torvanger, leiar i Bremanger sanitetsforeining.

Innan kvinnehelse blir det sett fokus på diffuse kroniske sjukdommar.

– Alle laga bidreg med pengar som blir sett i fond. Desse pengane vert så fordelt til blant anna forsking på sjukdomar som rammar kvinner meir enn menn. Det er betydelege summar det er snakk om, seier Torvanger.

Les meir om «Likestilt» her.

Ifølge leiaren har kvinner sitt ve og vel stått på agendaen sidan oppstarten av foreininga for 121 år sidan.

– Foreininga vart starta av kvinnesaksforkjemparen Fredrikke Marie Qvam, og ein byrja med å jobbe for stemmerett for kvinner. I tillegg arbeidde ein med å skaffe sanitetsmateriell i tilfelle krig ved unionsoppløysinga, og ein arbeidde for å betre kåra for storfamiliar i Oslo, forklarar Torvanger, som legg til at kvinnehelse og livsvilkår står sentralt, men at små og store tiltak som fremjar god fysisk og psykisk helse for alle også er viktig.

– Sanitetsforeiningar over heile landet har mange slike tiltak. Dette er basisaktivitetar som er gode for nærmiljøa, understrekar ho.

Sterkt engasjement

Etter oppstarten byrja det raskt å vekse fram lag, og allereie i 1915 vart det skipa lag i Bremanger, som samla i dag framleis tel over 90 medlemmar.

I dag er Sanitetskvinnene opptekne av fleire aspekt med kvinner sitt ve og vel. Skjønnheitstyranniet og vald mot kvinner står sentralt i programmet.

– I Saniteten har vi føredragshaldarar som reiser og besøker foreiningane, og som vi også kan leige inn for å kome og snakke på skular. Vi har eit sterkt samfunnsengasjement for kvinner, fortel Torvanger.

Jobbar lokalt

Laget i Bremanger møtast om lag ein gong i månaden, arrangerer skulelunsj i samband med haustferien, lagar middag til ungane i barnehagen rett før jul og held basarar.

Bremanger-kvinnene arrangerte førre helg fylkesårsmøte for Sanitetskvinnene. Ei av dei store sakene var korleis dei skal klare å rekruttere fleire medlemmar.

– Det går dårleg med rekrutteringa. I Bremanger er gjennomsnittsalderen 69,5 år. Det er vanskeleg å få med yngre, som gjerne organiserer både skulemusikk og idrett for ungane. Men no er verving på agendaen over heile landet, fortel leiaren.