– Det er jo litt skralt med kunnskapen om fisk hos enkelte. Måløy er jo fisk, og er bygd opp på fisk, så då må vi formidle litt av det vi driv med. Det er ikkje så mange bedrifter igjen som driv med kvitfisk. Berre her på Raudeberg var det jo seks-sju bedrifter for 10–15 år sidan, no er det berre vi att. Det blir stadig færre aktørar og fiskekonsumet er dalande, så vi må lære folk å like fisk og ete fisk, fortel Steven Jensen, dagleg leiar for Snorre Seafood.

Omvisinga er ein del av eit prosjekt i regi av Måløy Havfiskefestival, der festivalen besøker dei ulike barneskulane i kommunen og fortel om nokre utvalde fiskeslag. Elevane får i oppgåve å lage plakatar med informasjon om fiskeslaget sitt, som skal stillast ut i forkant og under festivalen. Folk kan så stemme på sin favoritt, og klassa som vinn får ein premie. Tidlegare år har premien vore ein fisketur.

Nils Myklebust var tidlegare i vår på skulane for å fortelje om fiskeslaga.

Tysdag fekk elevar frå Holvik, Skram, Skavøypoll og Bryggja skular omvising i produksjonslokala på Snorre Seafood. Der fekk dei blant anna sjå både kjende og ukjende fiskeslag.

– Vi dei ulike fiskesortar og korleis vi pakkar fisk. Vi er ei fleksibel bedrift der vi både tar hand om fersk og frosen fisk. Vi driv med filetering, røyking, lettsalting, klippfisk, konsumentpakking og grossistpakking. Så elevane får sett mykje forskjellig, seier Jensen.

Elevane fekk sjå mange ulike fiskeslag under omvisinga. – Det har vore ein kjekk dag. Breiflabben var den kulaste fisken, seier Rasmus Nyvang, som går på Bryggja skule.

I lokala på Raudeberg er det aktivitet heile året, og per i dag er dei 15 tilsette.

– Vi har drive i nokre år no, og vi held jamn aktivitet gjennom heile året, og har ingen permitteringar. Vi har hatt ei lita fin omsetningsauke dei siste åra, men resultatet er ikkje meir enn det må vere. Men vi held oss på rette sida.

– Vi har aukande omsetting, men det er vanskelegare å finne dei som vil betale for kvalitet. Men vi får mykje fisk ut med matkassene, der vi har eit samarbeid. Det har blitt viktig for oss, og per i dag står dette for ein tredjedel av omsetninga vår. Gjennom dette samarbeidet får vi ut cirka 10.000 fiskemiddagar kvar veke.