Meiner det må vere lov å ha gode dagar

Line Blålid frå Vågsøy besøkte i dag God Morgen Norge på TV2, for å snakke om at det er lov å ha gode dagar, sjølv om ein anten er ufør eller har ein kronisk sjukdom.

Line Blålid (t.v.) var i dag gjest hos God Morgen Norge. Skjermdump: TV2 

Nyheter

– Bodskapen som eg prøvde å få fram var at dei som er kronisk sjuke eller som har ein skjult sjukdom eller ei usynleg funksjonshemming må ha lov til å ha gode dagar. Eg har laga eit kurs som eg held der eg prøver å hjelpe folk og få tilbake livsgnisten, fortel Blålid som sjølv tidlegare har vore ufør i ti år.



Blålid besøkte programmet saman med Lisa Rørvik (22), som har gått på NAV sidan vidaregåande. Samstundes legg ho ut fine bilete av seg sjølv på bloggen. Ho meiner det må vere lov å ha gode dagar og at det å oppleve fine ting med andre er nøkkelen til å bl frisk.

– Mange med skjulte sjukdommar opplever å få stygge blikk når dei parkerer på handicap-parkeringa, eller når dei har ein god dag og har lyst til å gjere noko ute rundt huset. Det må vere lov å ha gode dagar og då må naboar og venner vere glade for det, og det var dette eg prøvde eg å få fram i intervjuet, fortel Blålid, som er generalsekretær for Norsk forening for Ehlers-Danlos Syndrom.