– Eg var kanskje naiv, men eg ville gjort det same igjen. Vi trudde vel at ho skulle sove litt meir, slik at ho kunne ligge i resepsjonen medan eg jobba. Vi har erfart ein del ting med å vere småbarnsforeldre etter kvart. Det vart meir å gjere enn vi trudde. Eg merka at eg måtte ta eit steg tilbake. Av praktiske årsaker har vi gjort det slik at Tomas har teke meir ansvar for hotelldrifta og eg har fokusert meir på heimerolla. Men eg jobbar det eg kan, og på sikt håpar og trur eg at eg skal vere fullt involvert i hotelldrifta og ta ei større rolle, seier Katarina Norell (31).

Les meir om «Likestilt» her.

Det kan ta litt tid framleis, for no er ho gravid med barn nummer to, og har termin midt i august.

– Det blir to små og to hotell. Eg var tilbake i jobb i ein månad så fekk eg vite at eg var gravid med nummer to, ler ho.

100 rom og 45 tilsette

Det var ved nyttår i 2016 at Katarina, sambuaren Tomas Perers og dottera deira, som no er to år, kom til Eid for å ta over drifta av Nordfjord Hotell. Ved nyttår i 2017 vart drifta slege saman med Bryggen Hotell, slik at paret no har ansvar for kring 100 rom. Dei har cirka 45 på lønningslista i toppsesongen om sommaren.

– Eg innbiller meg at det skal bli lettare med barn nummer to, for no er vi inne i hotelldrifta. Då vi kom, var det veldig mykje å setje seg inn i og skaffe seg oversikt over.

Livet har gått seg til på fleire plan. I februar flytta familien inn i einebustad i Myklebuståsen. Og dei byrjar få eit nettverk i miljøet.

– Slik sett var det gunstig at vi kom hit med eit lite barn. For eg vart med i ei barselgruppe, der vi har halde fram med å treffast. Og Tomas spelar innebandy to gongar i veka. Vi er også heldige som har greie tilsette. Det gjer sitt til at vi har eit godt sosialt liv.

Det var ein draum om å drive sitt eige hotell som gjorde at paret frå Falun-traktene i Sverige kom til Eid, ein stad dei aldri hadde vore før dei kom i kontakt med ekteparet Eli og Jostein Førde Aarskog som ville selje seg ut av Nordfjord Hotell.

– Midt i prosessen fekk vi vite at vi skulle ha barn. Både eg og Tomas har vore vane med å jobbe veldig mykje. Så det vart ei omstilling. Ting gjekk fort, men eg angrar ingenting og ville gjort det same igjen, konstaterer ho.

Paret budde i Aurland og jobba på Fretheim hotell i Flåm før dei kom til Nordfjord.

Fulltinga sommarsesong

Katarina Norell ser positivt på framtidsutsiktene for hotelldrifta på Eid.

– Vi ser at det var lønsamt å slå saman drifta av hotella. Det fungerer betre. Veldig mykje er booka for sommarsesongen, det er stort sett fulltinga med grupper av turistar. Det eg har bidrege mest med i drifta så langt er «back office»-oppgåver som sal, organisering av turistgrupper og restaurant. Eg har lyst å gjere alt mogleg, og det er det høve til på hotell av denne storleiken, seier ho.

Ho og sambuaren teikna ein driftsavtale på ti år med opsjon på ytterlegare fem år med dei tidlegare eigarane av bygningsmassen på Nordfjord Hotell. Norell fortel at den same avtalen gjeld vidare etter at drifta av Bryggen Hotell vart lagt inn i same driftsselskap, i samband med at eit lokalt selskap med John Olav Lefdal i spissen kjøpte bygningsmassen på Nordfjord Hotell. Ho fortel at familien er godt etablert og trivst.

– Når vi får besøk frå Sverige, synes dei at det ikkje verkar som ein liten stad. Det er mykje som skjer og det kjennest som det er utvikling heile tida. Det er spennande!