«Likestilt»:

– Dei dagane du føler deg som Supermann, skal du få lov til det

Frå Blålida i Vågsøy styrer Line Blålid Norsk Forening for Ehlers-Danlos Syndrom. Sjølv vart ho diagnostisert med den sjeldne sjukdomen for 13 år sidan.

I jobben som generalsekretær i Norsk Forening for Ehlers-Danlos Syndrom brukar Line Blålid mykje tid på å forklare sjukdomen for folk som ikkje kjenner den. No vil ho at diagnosen skal opp og fram i lyset, slik at folk forstår sjukdomen og korleis det er å leve med den. Foto: Marianne S. Rotihaug 

Nyheter

– Eg melde meg inn i foreininga då eg fekk diagnosen. Eg visste lite om sjukdomen og søkte informasjon. Sidan den gong har eg vore i mange ulike utval og arbeidsgrupper, men så fekk eg jobb som generalsekretær og har arbeidd sidan 2013, seier Blålid, som leiar Norsk Forening for Ehlers-Danlos Syndrom, med mellom 450 og 500 medlemmar, frå heimekontoret sitt i Blålida.