Går pilegrim langs riksveg 15

Ei gruppe på 14 pilegrimar starta vandringa frå Kinn i helga, før dei kom til Ulvesund fyr onsdag på veg mot Fjordly på Bryggja. Endestasjon er Selja.

Vel framme i Målø F.v. Kari Leine Balog, Jorund Levorstad og Steinar Pettersen frå pilegrimssenteret i Hamburg saman med resten av vandrefølget. Foto: Janne Weltzien Listhaug 

Fakta
  • Sunnivaleia
  • Leia knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja i Sogn og Fjordane, med klosterruinane på Selja ved Stadhavet som mål.
  • Leia går langs kysten frå Florø, om Kinn, over Bremangerlandet, via Vågsøy og til Selje. Prest og lokal kjentmann er med.
  • Det er Kinn–Selja som er tilrettelagt og merka for vandring. Men strekninga frå Bergen til Selja utgjer heile Sunnivaleia, og er dessutan ein del av kystpilegrimsleia til Nidaros.
  • Leia går både ute i terrenget i til dels ulendt terreng og langs veg. Deltakarane må vere fysisk i stand til å gå opp til 26 kilometer for dagen.
Nyheter

Pilegrimane starta vandringa med Kinnaspelet, eit historisk spel som blant anna presenterer Sunnivalegenda i naturlege kulissar på øya Kinn utanfor Florø. Der var pilegrimane også med på gudsteneste i Kinnakyrkja frå 1100-talet

– Vi starta på søndag etter Kinnaspelet, og onsdag var i Bremanger der vi gjekk over eidet til Oldeide og tok ferja til Måløy, forklarer sokneprest i Selje, Kari Leine Balog, som er ein av dei som går pilegrim saman med vandreleiar Jorund Levorstad frå Stårheim, Steinar Pettersen frå pilegrimssenteret i Hamburg og elleve tyskarar.

– Slike turar er kanskje spesielt interessante for folk frå andre land. Denne turen var lagt opp for norske og tyske pilegrimar, seier Balog.

Frå Måløy blei pilegrimane så frakta til Ulvesund fyr der dei skulle overnatte, og torsdag gjekk turen vidare frå Ulvesund via riksveg 15 til Bryggja og Fjordly ungdomssenter der middagen venta.

– Vi starta i 9-tida torsdag, og har middag på Fjordly klokka 18. Vi går langs riksvegen med ei kaffipause hos eit par på Almenning, og så går vi rundt dei første to tunnelane, men gjennom den tredje. Det har alltid gått bra, smiler Balog.

Dette er den lengste enkeltetappen på turen, med i overkant av 20 kilometer.

Fakta

Sunnivaleia

Leia kny­ter sa­man dei to hei­la­ge øya­ne Kinn og Sel­ja i Sogn og Fjor­da­ne, med klos­ter­ru­i­na­ne på Sel­ja ved Stadhavet som mål.

Leia går langs kys­ten frå Flo­rø, om Kinn, over Brem­an­ger­lan­det, via Vågs­øy og til Sel­je. Prest og lo­kal kjent­mann er med.

Det er Kinn–Sel­ja som er til­ret­te­lagt og mer­ka for vand­ring. Men strek­nin­ga frå Bergen til Sel­ja ut­gjer hei­le Sunnivaleia, og er dess­utan ein del av kyst­pi­le­grims­leia til Ni­dar­os.

Leia går både ute i ter­ren­get i til dels ulendt ter­reng og langs veg. Del­ta­ka­ra­ne må vere fy­sisk i stand til å gå opp til 26 ki­lo­me­ter for da­gen.

(Kjelde: Pilegrim.no)